image description
image description

Fottur i fjellheimen vår!

Ål 52 har nå lagt ut flere fantastiske tips til fjellglade fotturister. Se mer informasjon. Vi valgte å forsøke et av turtipsene tidligere i uka og gikk tur 3.7 Såta - Grytingen og her er en smakebit fra beskrivelsen i Ål52 vi gikk etter (godt kart var det også):

Såta
Mot Grytingen.

To toppturar med fantastisk utsikt

Fjellstigen frå Trettestølane til Grytingadn og Såta heitte frå gamalt Vardahaugstigen. Ein kan også ta stig frå stølen Vealie. Frå høgda Syningen (1090), like ovanfor Trettestølane, er det fin utsikt over området. 

Stigen fylgjer grovi (elva) Eitra i jamnt stigande, godlendt terreng ca 2,5 km. oppover til åsbrotet, der flatar stigen ut vidare innover åsen. 

Innover Flåfjellet mot Såtabotn er terrenget nokså flatt, utan anna vegetasjon enn stein, fjellgras, lyng og mose. Aust- over er det slett, fin oppstigning til nordre Grytingen (1462), ca 1 km. Oppover til toppen av søre Grytingen er detmange breie, til dels litt farlege fjell- sprekkar som kan være dekt av mose.

Såta 
I skaret mellom Vesle og Store Såta. 

Stigen vidare mot Såta går opp i skardet mellom Veslesåta (i sør-aust) og Såta i nord-vest (1622). Oppstigninga til Storesåta er ingen fast stig, men bratt opp- stigning på steinut underlag.

Frå toppen av Såta er det vidt utsyn frå Gaustatoppen i sør, Hallingskarvet i vest, til Skagastølstindane i Vestjotunheimen, mot nordaust. En kan også sjå deler av Hemsedal sentrum, Skogshorn og fjella mot Valdres.

Såta 
Toppen er nådd! 

Inne ved botnen av Såta finst det mange spor etter gamle nedlagde stølar ( Sveidnvollane og Reiarsgardbotn).
Ca. 2 km. ovanfor Trettestølane ligg Urdevollan. Ca 100 meter vest for stigen og Eitra ligg godt synlege buatufter frå 1700-talet, med eit gamalt steingjerde rundt. Vi ønsker alle våre gjester en god tur innover den vakre fjellheimen vår!